Øyvarg

N UCH BITTEBIT´S ØYVARG

EIN TRYGG HANNHUND MED 5 KULL BAK SEG

Hello world

ETTERKOMMERE


Øyvarg har fem kull og til sammen 32 kvalpar med Q Qeera av Nixenspitze (6 valper), Spitzhagens Cikki (8 valper), Camizoots Mitzi (7 valper) og Carve Canem Talulla Tira (6 valper) og Carve Canem Victoria Vilja

VÅR FØRSTE EURASIER FLYTTAR INN


Bittebit’s Øyvarg vart fødd 12.06.2018. Han kom til verda som resultat av pappa Norbert Av Geehrbacch og Bittebit’s Umi, og vart vår inngangsbillett til rasen. Han var den andre hannhunden i eit kull på seks kvalpar.

Oppdrettar Anne Katerine Sletmo og Kennel Bittebit’s hadde akkurat den rette kvalpen for oss – ein hannhund vi hadde venta lenge på. Utfordringa vår vart å finne eit namn på Ø, sidan denne ulldotten kom frå Bittebit’s Ø-kull.


Vi bur på ei av dei vakraste øyane ute i havgapet, og denne vesle krabaten såg i tillegg ut som ein liten ulv – det kunne jo ikkje bli noko anna enn Øyvarg, kunne det vel?


Som kvalp var Øyvarg ein morosam, oppfinnsam, nysgjerrig og litt pysete liten fyr. Vi må også seie at han har blitt ein skikkeleg kosebamse med åra, mykje meir enn han var som kvalp. Det var vanskeleg å få han til å ligge i fanget vårt i meir enn 20 sekund før noko heilt anna fanga interessa hans. No har han blitt ein trygg og sosial hund, som framleis har det lekne i seg. Han er veldig glad i å møte nye menneske og elskar kos. I 2024 blei han også kvalifisert som behsøkshund for Raude Kross.


Øyvarg vart tidleg introdusert for fjøra og gleda ved å springe rundt og finne ting. Første gong han sette potespor på stranda var faktisk andre dagen etter han flytta inn hos oss. Berre litt over åtte veker gammal byrja han å utforske tang og andre ting som høyrer til i havet – og ikkje minst det som ikkje burde vere der. Etter kvart vart han ein ivrig samlar av plast, etter at han skjønte at det vanka belønning kvar gong han rydda plast frå strendene.


Øyvarg har jakta på sitt N UCH (norsk utstillingschampion) etter at han tok storeslem på Eurasierspesialen i 2023 kor han fekk både stort cert og lite cert. I Tresfjord, juni 2023 fekk han det siste certet og N UCH.


HUNDEUTSTILLINGER ER FIN TRENING


En trygg hund er en hund som føler seg avslappet og komfortabel i ulike situasjoner og miljøer. En hund som er trygg, vil ikke være redd eller aggressiv mot mennesker eller andre dyr. Det er viktig å huske på at alle hunder er forskjellige, og noen hunder kan trenge mer tid og trening for å føle seg trygge.

NOEN BILDER AV ØYVARG