Vi er utruleg stolte av Carve Canem Wida Willow, som på laurdag fekk Excellent, CK, CERT og blei 2. beste tispe. Denne herlege jenta hadde allereie sikra seg både storcert på NKK i Trondheim og det lille certet fekk ho på Vestnes – alt før ho fylte to år. Det siste og avgjerande certet har både ho og vi venta lenge på, og det var ei fantastisk kjensle å endeleg få det på plass. Dette resulterte i at ho no er Norsk Utstillingschampion (N UCH), og søknaden vart sendt inn og godkjent same helg. Ein stor milepæl for både Wida Willow og oss!
Første dag var prega av god stemning, engasjerte hundefolk og mange flotte firbeinte i ringen. Dagens store høgdepunkt var utan tvil Carve Canem Wida Willow, som tok sitt siste cert på si aller første utstilling etter fylte to år – og vart dermed Norsk Utstillingschampion (N UCH). Ein stor takk går til oppdrettar Beathe Pilskog for denne fantastiske jenta.
Vi er òg stolte oppdrettarar av to lovande juniorar frå vårt B-kull:
Øyflokkens Balder (Max) stilte med sin vanlege ro og sjarm, og leverte godt.
Øyflokkens Bailey-Bear (Koda) debuterte i ringen og imponerte stort med trygg og roleg framferd. Ho vart belønna med Excellent, CK, 3. beste tispe, reserve CERT og BIR junior – ein imponerande start.
Vi vil òg rette ei varm gratulasjon til vår gode Sorschies Buz Zara, som trass krevande alder jobba seg gjennom utstillinga saman med matmor Laila – eit bevis på godt samarbeid og tillit.
Carve Canem Wida Willow – Excellent, CK, cert, 2. beste tispe
Øyflokkens Bailey-Bear – Excellent, CK, reserve cert, 3. beste tispe, BIR junior
Øyflokkens Balder – Excellent
Sorschies Buz Zara – Very Good
Søndagen vart ein merkedag for Øyflokkens Balder (Max), som verkeleg strålte i ringen. Han tok sitt andre cert og vart BIR (Best i Rase) junior. Det gav han plass i finaleringen, der han dessverre ikkje vart plassert – men innsatsen var imponerande. Max og matmor Yoko har blitt eit fantastisk team, og vi er så stolte av dei begge. No manglar Max berre storcertet for å kunne bli Norsk Utstillingschampion (N UCH), noko han først kan oppnå etter fylte to år.
Carve Canem Wida Willow – Excellent
Sorschies Buz Zara – CNBJ
Øyflokkens Balder – Excellent, CK, 2. beste hannhund, BIR junior
Bittebits Øyvarg – Excellent, CK, 3. beste hannhund
Vi takkar alle som bidrog til ei fantastisk helg – både to- og firbeinte. No ser vi fram til nye eventyr i ringen.



